Top 10 similar words or synonyms for schopenhauer

rimbaud    0.740530

flaubert    0.714128

nietzsche    0.712177

feuerbach    0.703765

rosen    0.696786

tönnies    0.694331

émile    0.691281

maeterlinck    0.690670

fromm    0.690264

jacobi    0.687086

Top 30 analogous words or synonyms for schopenhauer

Article Example
Arthur Schopenhauer Schopenhauer var misogyn og uttalte seg ofte negativt om kvinner, men han hylla kunsten, særleg musikken, der han kunne erfara sjølve menneskets livsvilje. Han avviste filosofien til Hegel, og skreiv krasse polemikkar mot både han og andre representantar for den tyske idealismen, t.d. Fichte og Schelling.
Arthur Schopenhauer Schopenhauer var determinist og meinte at mennesket ikkje har fri vilje, sjølv om det innbillar seg at det har det. I skriftet "Ueber die Freiheit des menschlichen Willens" (Om menneskets frie vilje) argumenterte han imot at eit slikt fridomsmedvit på noko vis kan garantera at ein verkeleg "har" fri vilje. For å illustrera dette, nytta han ein allegori der vatnet var i stand til å snakka med seg sjølv. Vatnet kunne då seia: "«Eg kan laga høge bølgjer, eg kan fløyma nedover og eg kan bli til damp og stiga oppover, men nett no vel eg å liggja heilt stille i denne dammen.»" Det kan i røynda gjera alle desse tinga, men vatnet er ikkje medvite om at det alltid er krefter utanfrå som forårsakar at det gjer det. For at vatnet skal kunna laga bølgjer, trengst det vind, og for at vatnet skal kunna fordampa, trengst det varme. Dersom vatnet blir tilsett varme, kan det ikkje velja å "ikkje" fordampa, sjølv om det ikkje er klar over kva slags krefter som gjer at det fordampar. Nett slik er det med mennesket òg, skreiv Schopenhauer: "«Mitt fridomsmedvit er berre eit manglande medvit om dei årsakene som i realiteten bestemmer mi åtferd.»"
Arthur Schopenhauer ," henta inn 29. august 2013."
Arthur Schopenhauer Arthur Schopenhauer var ein særeigen tysk filosof som særleg har hatt stor innverknad på mange kunstnarar og forfattarar.
Arthur Schopenhauer Schopenhauer tok utgangspunkt i Immanuel Kants filosofi. Lik han meinte Schopenhauer at erkjenninga berre gjev oss kjennskap til vår oppfatning av tinga rundt oss, og ikkje korleis tinga er i seg sjølve (Das Ding-an-sich). Den blinde livsviljen blei vesentleg i Schopenhauers filosofi; han meinte at mennesket sin eigen livsvilje var det djupaste, det einaste det fullt og heilt kan lita på, og at mennesket gjennom den likevel får tilgang til det eigentlege vesenet i tinga. I dette skil Schopenhauer seg frå Kant, og han skriv ein del kritikk mot hans filosofi, m.a. i hovudverket sitt frå 1819: "Die Welt als Wille und Vorstellung" (Verda som vilje og førestilling). For Schopenhauer har heller ikkje tilveret noka anna meining enn denne blinde livsviljen, og all eksistens er ei ulukke, det er liding. I "Die Welt als Wille und Vorstellung" uttrykkjer han at livet "«...svingar dermed, lik ein pendel, hit og dit mellom smerte og keisemd.»" Den høgaste manifestasjonen av livsviljen er kjønnsdrifta, som berre forbigåande kan tilfredsstilla mennesket. Etikken består for Schopenhauer i å fornekta viljen gjennom sjølvfornekting eller sjølvoppofring. Schopenhauer formulerte her ein filosofi av medynk, som for han var å erkjenna det eigne i den andre. Den djupt pessimistiske metafysikken hjå Schopenhauer finn berre forløysing i den naturlege døden, som representerer ein frigjerande ikkje-eksistens.