Top 10 similar words or synonyms for flaubert

émile    0.830653

gustave    0.828902

manet    0.826805

courbet    0.825812

renoir    0.823043

fernand    0.804534

doré    0.794420

bovary    0.791628

edouard    0.783068

zola    0.779262

Top 30 analogous words or synonyms for flaubert

Article Example
Gustave Flaubert I 1846 døydde først faren og nokre veker seinare veslesøster hans. Flaubert tok seg av dotter hennar, Caroline, som var fødd nokre månader før. Dette året byrja han også eit tilhøve til forfattaren Louise Colet som varte i fleire år. Dei brevveksla mykje, og Flaubert skreiv mellom anna om diktarverket, det franske språket og tilhøvet mellom mann og kvinne.
Gustave Flaubert "L'Éducation sentimentale" frå 1869 er ei anna bok av Flaubert som fekk stor seinare innverknad. Ho gjev ei nøktern, men slåande skildring av det tomme ved livet.
Gustave Flaubert Flaubert utførte fleire reiser som tidvis inspirerte verka hans. Ved slutten av 1840 reiste han til Pyreneane og Korsika. I 1843 følgde familien med på bryllaupsreisa til syster hans, og Flaubert blei inspirert av eit måleri i Balbi-palasset i Genova til å skriva prosadiktet "La Tentation de saint Antoine", som han rekna som sitt meisterverk. Frå 1849 til 1852 vitja han saman med Maxime du Camp Det nære Austen, mellom anna Egypt, Jerusalem og Istanbul. I 1858, medan han skreiv romanen " Salammbô" om oldtidsbyen Kartago, vitja han Tunisia og såg ruinane av byen der.
Gustave Flaubert Gustave Flaubert byrja skriva sitt mest kjende verk, "Madame Bovary", i 1851 og arbeidde med det i fem år. Det kom først ut som føljetong i tidsskriftet "Revue de Paris" i 1856, og kom året etter ut i bokform. Boka handlar om Emma Bovary som gjennom romantiske lengslar viklar seg inn i utruskap og gjeld, og til slutt tek livet sitt. Boka blei utsett for ein prosess som gjekk ut på at ho krenkte samfunnsmoralen, men Flaubert blei til slutt frikjend.
Gustave Flaubert Flaubert døydde i 1880 i Croisset.