Top 10 similar words or synonyms for rimbaud

schopenhauer    0.740530

émile    0.740503

flaubert    0.731578

baudelaire    0.721804

verlaine    0.718520

molière    0.718133

barthes    0.716238

dickens    0.713070

doré    0.711881

fernand    0.708261

Top 30 analogous words or synonyms for rimbaud

Article Example
Arthur Rimbaud Arthur Rimbaud fekk ei katolsk oppseding, og gjekk til nattverd fyrste gongen elleve år gamal. Same året vart han sendt til Collège de Charleville, der han gjorde det svært bra i alle fag bortsett frå matematikk og naturfaga. Han vann åtte fyrstepremiar for skulearbeidet sitt i 1869 og sju til i 1870. Mora skaffa no privatlærar til guten; fader Ariste Lhéritier som støtta opp om dei diktariske evnene hans, både på fransk og latin. Rimbaud fekk sett sitt fyrste dikt på trykk i 1870, det var ""Les Étrennes des orphelins"" - «Nyårsgåvene til dei foreldrelause». I 1870 vart Georges Izambard tilsett som ny retorikklærar ved Collège de Charleville. Izambard fekk mykje å seia som litterær mentor for den unge Rimbaud.
Arthur Rimbaud Det utvikla seg ein stadig bitrare tone mellom Verlaine og Rimbaud, og i juni 1873 drog Verlaine åleine tilbake til Paris. Allereie 8. juli telegraferte han til Rimbaud og bad om å møtast på Hotel Liége i Brussel. Rimbaud kom, men diktarane krangla konstant og Verlaine drakk mykje. Den 10. juli gjekk han til innkjøp av ein revolver og ammunisjon, og rundt kl. 16 den dagen fyrte han av to skot mot Rimbaud, sterkt påverka av alkohol. Ei av kulene trefte Rimbaud i handleddet. Fyrst klaga Rimbaud Verlaine for drapsforsøk, men han trekte seinare klagen attende, slik at Verlaine berre vart dømt til to år i fengsel for å ha skadd Rimbaud med skytevåpen. Arthur Rimbaud reiste no heim til Charleville, der han fullførte prosaverket "Une Saison en Enfer" - «Ei årstid i helvete». Verket inneheld klare referansar til forholdet til Verlaine.
Arthur Rimbaud Tekstane etter Rimbaud finst også i norske gjendiktingar: "Spinn etter Rimbaud" (1946) av Rolf E. Stenersen, "Illuminasjoner" (1981) av Arne Kjell Haugen og Jan Jakob Tønseth, "Illuminasjoner" (1994) av Karin Haugane samt "Ein båt i rus og andre dikt" (1994) og "Årstid i helvete" (2002), begge på nynorsk ved Haakon Dahlen. Doktorgradsavhandlinga til litteraturprofessor Atle Kittang tok for seg diktinga til Arthur Rimbaud.
Arthur Rimbaud Då den fransk-prøyssiske krigen braut ut same året, vart Collège de Charleville omgjort til militærsjukehus. Arthur Rimbaud kjende seg rastlaus og hoppa på toget til Paris utan å ha pengar til billetten. Då toget kom fram, vart han arrestert og sett i fengsel. Rimbaud skreiv no eit brev til Izambard der han trygla om hjelp, og Izambard ordna det slik at guten vart lauslaten og overgitt i hans varetekt. Izambard tok Rimbaud tilbake til mor si, men det gjekk ikkje meir enn ti dagar før han flykta heimefrå på ny. Seint i 1870 hadde oppførselen hans vorte opprørsk; han drakk, stal bøker og sparte til langt hår. I 1871 forsøkte Rimbaud å skriva til fleire franske poetar, og skreiv til slutt til symbolisten Paul Verlaine, som han sendte fleire av dikta sine, inkludert det hypnotiske ""Le Dormeur du Val"" - «Den sovande i dalen». Verlaine svara med å ynskja Rimbaud velkomen og betalte billetten hans til Paris.
Arthur Rimbaud Verlaine var på denne tida gift og venta barn med den 17 år gamle kona si, men hadde nyleg slutta i jobben og teke til å drikka mykje. Han og Rimbaud førte eit vilt og stormfullt liv i byen samtidig som Rimbaud skreiv slåande god poesi. Verlaine forlét til slutt familien sin og drog til London med Rimbaud i 1872. Her levde dei i fattigdom, men fekk noko pengar frå mor til Verlaine og tente litt på undervisning. Rimbaud sat mykje i "Reading Room" i British Museum, der det var «gratis varme, lys, pennar og blekk». Rimbaud angra seinare på tida i London.