Top 10 similar words or synonyms for yamamoto

isoroku    0.836337

stepan    0.711303

general    0.708138

henryk    0.704275

slayton    0.697234

petlura    0.695764

bagration    0.689708

georgi    0.689520

dmitry    0.685481

shovell    0.685404

Top 30 analogous words or synonyms for yamamoto

Article Example
Isoroku Yamamoto Frå 1919-21 studerte han ved Harvard i USA, etter det vart det ny sjøteneste med utanlandstokt til Europa og USA. I 1924 vart han beordra til flyvåpenet til den japanske marinen. Yamamoto lærde seg å fly og vart tidleg overtydd om at flymakt ville avgjere neste krig.
Isoroku Yamamoto Yamamoto vart utnemnt til visemarineminister i 1936 og han hadde den stillinga inntil han vart sjef for dei japanske sjøstridskreftene. Yamamoto vart utnemnt til admiral i 1940.
Isoroku Yamamoto Yamamoto vart fødd Isoroku Takano i Nagaoka i prefekturet Niigata. Fara hans var ein samurai av lågare rang. Isoroku byrja på den japanske sjøkrigsskulen i Hiroshima i 1901 og vart uteksaminert i 1904. Under den russisk-japanske krigen i 1905 deltok han som fenrik ombord på kryssaren «Nisshin» i slaget ved Tsushima mot den russiske austersjøflåten. Han mista to fingrar på venstre hand under slaget. Etter slaget hadde han fleire turar til sjøs.
Isoroku Yamamoto Politisk var Isoroku Yamamoto ei «due» og han var sterkt kritisk til ein mogleg krig mot USA; han hadde nøye studert den industrielle kapasiteten til USA og var overtydd om at Japan ville tape ein eventuell konfrontasjon. Yamamoto var mot invasjonen til Japan av Mandsjuria i 1931, den vidare åtakskrigen mot Kina og alliansen med Tyskland og Italia i 1940. Yamamoto vart særs upopulær blant japanske militaristar og noko av grunnen til at han igjen fekk sjøteneste i 1939 var for å sikre han mot attentat. Yamamoto åtvara statsminister Fumimaro Konoe om konsekvensane av krig med USA:
Isoroku Yamamoto Angrepet til den japanske marinen på Pearl Harbor var ein stor taktisk suksess; men ein strategisk fiasko - det isolasjonistiske USA vart kasta inn i krigen. Dei første månadene etter Pearl Harbor avanserte Japan på brei front og la under seg store delar av Søraust-Asia; men korkje USA eller Storbritannia var villig til å forhandle. Den vidare strategien til Japan vart at hæren avanserte vidare inn i Burma mot India, medan marinen utvida området sitt i Stillehavet for å kutte sambandslinjene mellom Australia og USA. I dette var øya Midway sentral og Yamamoto planla ein operasjon mot Midway der US Navy skulle narrast i ei felle og nedkjempast. Ukjent for japanarane hadde US Navy brote kodeboka deira og kjende detaljane i åtaket; resultatet vart at ein underlegen amerikansk styrke utraderte dei japanske hangarskipa i slaget ved Midway.
Isoroku Yamamoto Etter dei øydeleggjande tapa ved Midway planla Yamamoto å angripe Samoa og Fiji for å truge forsyningslinjene til Australia med USA. Amerikanarane sette likevel inn eit motåtak mot Guadalcanal som avskar dei fremste japanske styrkane sine høve til å avansere.
Isoroku Yamamoto Etter Guadalcanal var styrkane til Yamamoto tvinga til ein forsvarskrig som japanske krigspel hadde vist at dei til sist ville tape; initiativet var no på amerikanske hender.
Isoroku Yamamoto For å auke moralen til dei japanske styrkane etter nederlaget ved Guadalcanal bestemde Yamamoto seg for å personleg inspisere fronten. US Navy fanga opp meldinga om ferda til Yamamoto og det vart avgjort at ein skulle freiste å skyte ned flyet med admiralen.
Isoroku Yamamoto Avstanden til næraste amerikanske base var så stor at berre «P38 Lightning» med ekstra droptankar hadde tilfredsstillande rekkjevidd til å nå fram. Den 18. april 1943 vart flyet til Yamamoto med jagareskorte angripe av 18 amerikanske «P38 Lightning» og flyet hans vart skoten ned.
Isoroku Yamamoto Isoroku Yamamoto leia den keisarlege japanske marinen dei fire første åra av den andre verdskrigen. Yamamoto vart drepen under ei inspeksjonsreise då flyet han var ombord i vart skoten ned av amerikanske fly. Isoroku Yamamoto er rekna for å vere den største sjøkrigsstrategen i Japan og blant dei største sjøkrigsstrategar i historia.