Top 10 similar words or synonyms for tanzimat

полк    0.788252

николай    0.780784

turan    0.774643

pisemskij    0.769278

александрович    0.767107

narimanov    0.765878

nazran    0.765639

rovenky    0.765388

føderative    0.765286

jalaa    0.765188

Top 30 analogous words or synonyms for tanzimat

Article Example
Syria Frå 1864 vart reformene til Tanzimat påført i Osmansk Syria, og provinsane (vilayetane) Aleppo, Zor, Beirut og Damaskus vilayet vart oppretta. Mutasarrifatet Libanon vart òg oppretta og kort tid etter fekk mutasarrifatet Jerusalem ein eigen status.
Sana Zaydi-imamane heldt styret sitt over Sana fram til midten på 1800-talet, då osmanarane igjen prøvde å få kontroll over området. I 1835 nådde osmanske sodlatar fram til kysten av Jemen, maskert som soldatane til Muhammed Ali av Egypt. Dei erobra ikkje Sana før 1872, då soldatane deira leia av Ahmed Muhtar Pasha gjekk inn byen. Det osmanske riket gjennomførte Tanzimat-reformar gjennom landa dei styrte.
Osmansk Syria Osmansk Syria vart organisert av osmanarane då dei erobra området frå mamelukkane tidleg på 1500-talet og inndelt i eyaleta (provinsane) Damaskus og Aleppo. Tripoli eyalet vart skipa i 1579 og seinare vart Adana eyalet fråskild frå Aleppo. I 1660 vart Safed eyalet oppretta og etter kort tid omdøypt Sidon eyalet. Eyaleta vart seinare omgjort til Syria vilajet, Aleppo vilajet og Beirut vilajet, etter Tanzimat-reformane i 1864.
Ma'an Seint på 1800-talet gjorde dei osmanske styresmaktene fleire forsøk på løfte den politiske statusen til Ma'an til fordel for al-Karak, men alle forsøka vart kortvarige eller mislukka. I 1868 klarte den osmanske guvernøren i Syria, Rashid Pasha, å gje Ma'an sin eigen "kaza" («underdistrikt») i al-Balqa "sanjak" (distrikt) i Damaskus "vilayet" (provins). Fire år seinare føreslo guvernøren Abdulletif Subhi Pasha at Ma'an skulle bli ein eigen "sanjak" som ville omfatte al-Karak, as-Salt og al-Jawf. Dette forslaget var populært hos regjeringa i Istanbul, men møtte stor motstand frå Midhat Pasha, ein leiande Tanzimat-reformator, som hevda at dei administrative kostnadene med å gjere Ma'an til distriktshovudstad, ville bli for store.
Det osmanske riket Perioden er kjend som Tanzimat (tyrkisk for "reorganisering") og varte frå 1839 til 1876. I denne tida vart hæren kraftig modernisert. På same måte gjekk banksystemet gjennom store reformer. Ei byrjande industrialisering førte til at handverkslauga fekk konkurranse frå moderne fabrikkar. Økonomisk hadde imperiet problem med å innfri låna det hadde tatt opp i europeiske bankar. Militært hadde det problem med å forsvare seg mot utanlandsk aggresjon og dei balkanske minoritetane sine ønske om lausriving. Frankrike okkuperte Egypt i 1798 og erobra Algerie i 1830. Montenegro fekk autonomi i 1798, og Serbia i 1804. Hellas frigjorde seg i 1829 etter ein lang sjølvstendekamp med hjelp av utanlandske frivillige og trugslar om intervensjon frå stormaktene si side. Vasallstatane på Balkan oppnådde auka sjølvstende.
Jemen Osmanarane lærte frå tidlegare erfaringar og arbeidde for å svekke makta til dei lokale herrane i høglandet. Dei prøvde til og med å sekularisere det jemenittiske samfunnet, medan jemenittiske jødar kom til å oppfatte seg sjølv i eit jemenittisk-nasjonalistisk lys. Osmanarane blidgjorde stammene med å tilgje dei opprørske høvdingane og gje dei administrative stillingar. Dei innførte ei rekkje reformar for å forsterke den økonomiske velferda i landet. På den andre sida var det omfattande korrupsjon i det osmanske styret i Jemen. Dette kom mellom anna av at dei verste embetsmennene vart utpeikte til stillingane, fordi dei fleste av dei prøvde å unngå teneste i Jemen. Osmanarane hadde for no fått kontroll over høglandet. Dei såkalla "Tanzimat"-reformane vart rekna som kjetterske av Zaydi-stammene. I 1876 gjorde Hashid- og Bakil-stammene opprør mot osmanarane, og tyrkarane stoppa dei med å gje dei gåver.
Qatar Under militært og politisk press frå guvernøren i det osmanske vilayetet Bagdad, Midhat Pasha, underla den regjerande Al Thani-stamma seg osmansk styre i 1871. Den osmanske styresmakta innførte reformer (Tanzimat) som omhandla skatt og landregistrering for å fullt ut integrere desse områda i riket sitt. Trass i stor misnøye hos lokale stammer, støtta Al Thani det osmanske styret. Forholdet mellom osmanarane og qatararane stagnerte raskt og i 1882 leid dei nok eit tilbakeslag då osmanarane nekta å støtte Al Thani i toktet hans mot det Abu Dhabi-okkuperte Al Khor. I tillegg støtta osmanarane Muhammed bin Abdul Wahab, som òg var underlagt osmanarane, i forsøket hans på å fortrengje Al Thani som kaymakam i Qatar i 1888. Dette førte til slutt at Al Thani gjorde opprør mot osmanarane, som meinte han prøvde å rive til seg makta. Han trekte seg som kaymakam og stoppa å betale skatt i august 1892.
Jemen Stammehøvdingane var vanskeleg å blidgjere og det vart ein endelaus sirkel av vald som hindra osmanarane i å lage fred i landet. Ahmed Izzet Pasha føreslo at den osmanske hæren skulle evakuere høglanda og halde seg til Tihama og ikkje vere unødvendig tynga av alltid å måtte drive militæroperasjonar mot Zaydi-stammene. Lynåtaka til dei nordlege stammefolka sleit på det osmanske militæret. Dei var i mot den tyrkiske Tanzimat og trassa alle forsøk på å innføre eit sentralt styre over dei. Dei nordlege stammene samla seg under huset Hamidaddin i 1890. Imam Yahya Hamidaddin leia eit opprør mot tyrkarane i 1904. Opprøra mellom 1904 og 1911 var særleg øydeleggande for osmanarane, og kosta dei så mykje som 10 000 soldatar og 500 000 pund i året. Osmanarane signerte ein avtale med imam Yahya Hamidaddin i 1911. Imam Yahya vart i følgje avtalen anerkjend som ein sjølvstendig leiar for Zaydi-høglanda i nord. Osmanarane fortsette å styre Shafi'i-områda i det sentrale sør fram til dei forsvann i 1918.