Top 10 similar words or synonyms for storspove

albicilla    0.935352

raudnebbterne    0.930553

dvergfalk    0.929619

småspove    0.928583

svartand    0.927948

kvitaugeand    0.927831

palustris    0.926879

albifrons    0.926143

makrellterne    0.923016

geospiza    0.922839

Top 30 analogous words or synonyms for storspove

Article Example
Storspove Storspova trivst best i vide, opne landskap. Ho vert ofte rekna som kulturlandskapets fugl, men ho trivst også på lyngheiar, myrar og strandenger som er udyrka. Arten har breidd seg ut langs dei indre dalføra i det siste hundreåret, og ho hekkar no heilt inn til svenskegrensa. Men denne spreiinga har no nesten stoppa heilt opp. Storspova hekkar langs heile kysten frå Lista og nordover, der ho helst oppheld seg på flate øyar og strandkantar, men og på dyrka mark og store, opne myrstrekk. Truleg hekkar det om lag fem- til titusen par årleg i Noreg. Moderne jordbruk og jakt har ført til tilbakegang for arten. Det er for tida ikkje fastsett jakttid på storpove.
Storspove Hannen gjer krav på store territorium etter ankomsten til hekkplassen. Hoa held seg til same partner, og begge kjønna deltek i ruginga av dei fire egga. Dei blir ruga på i 4 veker. Med eitt kyllingane er klekte reiser hoa og hannen vert att hjå ungane. Som med dei fleste strandfuglane forlet ungane reiret straks dei er tørre, men dei flyg fyrst etter 5-6 veker etter. Det er hannen som passar mest på fugle-ungane.
Storspove Storspova er ein trekkfugl, som når norskekysten i mars. Dei vaksne hofuglane forlet Noreg allereie i juni, medan hannen vert att til ungane kan klare seg sjølve. Skandinaviske storspovar overvintrar på dei britiske øyar, men kan også overvintre i Danmark og vidare sørover til Nederland.
Storspove Storspova er om lag 50 – 60 cm lang, og av dette utgjer nebbet om lag 25%. Ho veg om lag 750 g. Kjønna er ganske like i utsjånaden, med mørkebrune flekkar med jamt grå- og gulkvite, og ho manglar småspovas lyse issestripe. Ho har elles eit karakteristisk, flytande fluktspel om våren som vert avslutta med rullande, kraftig trille. I hekketida høyrest av og til frå bakken ein meir langtekkeleg, sørgmodig flytetone. Storspova er vår største vadar, om lag like stor som sildemåsen. Hannen er noko mindre enn hoa, elles er kjønna like. Den kraftige, krumme nebben er karakteristisk. Vaksenfuglen veg 500-900 gram og er om lag 27 cm lang. Låten deira er lett å kjenne igjen og kan lett etterliknast(lokkjakt). Ved ringmerking har ein funne at storspova kan verte over 10 år.
Storspove Storspove kan berre forvekslast med småspova.