Top 10 similar words or synonyms for saksofonistane

NotFoundError    0.789

Top 30 analogous words or synonyms for saksofonistane

Article Example
David Sanborn Han er ein av dei mest kommersielt suksessfulle amerikanske saksofonistane som har vorte kjend sidan 1980-åra og vert ofte knytt til radiovennleg smooth jazz. Sanborn sjølv har mislikt både sjølve sjangeren og at han er knytt til han.
Jenny, Jenny Richard spelte inn songen for Cosimo Matassa sitt J&M Studios i New Orleans, som hadde vore selskapet til Richard sidan september 1955. Med på innspelinga var mellom andre trommeslagaren Earl Palmer og saksofonistane Lee Allen og Alvin «Red» Tyler.
The Fat Man Domino song og spelte piano i lag med Earl Palmer på trommer, Frank Fields på kontrabass, Ernest McLean på gitar og saksofonistane Herbert Hardesty, Clarence Hall, Joe Harris og Alvin «Red» Tyler.
Gerry Mulligan Gerry Mulligan, fullt namn Gerald Joseph Mulligan, var ein USA-amerikansk jazz-saksofonist, klarinettist, kompoinist og arrangør. Han er særleg kjend som ein av dei leiande baryton-saksofonistane i jazz-historia, med sin lyse og luftige tonar i den såkalla «cool jazz»–tida. Som arrangør arbeidde han i lag med mellom andre Claude Thornhill, Miles Davis og Stan Kenton. Mulligan sin kvartett utan pianist i dei tidlege 1950-åra, men med trompetisten Chet Baker, vert framleis rekna for å vere ei av dei viktigaste «cool jazz»–gruppene. Mulligan var også ein dyktig pianist som spelte fleire andre blåseinstrument enn dei han jamnast nytta.
Lawdy Miss Clawdy «Lawdy Miss Clawdy» vart spelt inn 13. mars 1952 i Cosimo Matassa's J&M Studios i New Orleans. Produsenten Dave Bartholomew brukte bandet sitt for innspelinga, som bestod av pianisten Salvador Doucette, gitaristen Ernest McClean, bassisten Frank Fields, trommeslagaren Earl Palmer og saksofonistane Herbert Hardesty (tenor) og Joe Harris (alto). Dei førte forsøka gjekk ikkje bra, visstnok fordi Bartholomew var misnøgd med pianoet til Doucette. Då Fats Domino kom i studio vart han overtydd av Bartholomew om å vere med på innspelinga. Etter ein gjennomgang sa Bartholomew «OK, det er det» og Matassa starta opptakaren.
Jazz Souljazz var ei vidareutvikling av hard bop med sterk påverknad frå blues, gospel og rhythm and blues for små grupper, ofte ein orgeltrio med Hammondorgel. I motsetnad til hard bop nyttar souljazz ofte repeterande tema og melodiske «hooks», og improvisasjonar var ofte mindre komplekse enn i andre jazzstilar. Horace Silver hadde ein stor påverknad på souljazzstilen med songar som nytta funky og ofte gospel-basert pianoakkompagnement. Viktige souljazzorganistar er mellom anna Jimmy McGriff, Jimmy Smith og Johnny Hammond Smith, og saksofonistane Eddie «Lockjaw» Davis og Stanley Turrentine.
Make a Jazz Noise Here Albumet består hovudsakleg av instrumentalar. I tillegg til mange av Zappa sine eigne songar, er det òg arrangement av temat av Igor Stravinsky og Béla Bartók av bassisten, Scott Thunes. Albumet syner Mike Keneally på gitar og klaverinstrument. Trommeslagaren er Chad Wackerman. Med i gruppa er òg ei blåserekkje som bestod av Walt Fowler (trompet), Bruce Fowler (trombone), and saksofonistane Paul Carman, Albert Wing og Kurt McGettrick. Ike Willis speler gitar og syng, i lag med klaverspelar Bobby Martin. Ed Mann spelar perkusjon og forskjellige andre lydar, i tillegg til Synclavier, som Zappa nytta på ein turné for første gong.
Ruth Is Stranger Than Richard Oppfølgjaren til "Rock Bottom", som Wyatt hadde skrive all musikk og tekst til, bestod hovudsakleg av versjonar og arrangement av andre sine songar (anten vener - Phil Manzanera, Fred Frith, Mongezi Feza, tidlegare Wilde Flowers-medlem Brian Hopper - eller påverknader - Charlie Haden) der Wyatt nytta sine eigne tekstar. Bortsett frå «Sonia», spelt inn for singelen «Yesterday Man» i oktober 1974 (med Nick Mason som produsent), er heile albumet spelt inn og miksa i The Manor Studio med Wyatt sjølv som produsent. Mykje av albumet er Wyatt (på solovokal og klaverinstrument) akkompagnert av eit «band» med bassist Bill MacCormick, trommeslagar Laurie Allan og saksofonistane George Khan og Gary Windo, i tillegg til Brian Eno som la til sin idiosynkratiske «anti-jazz»-tøtsj.
Frank Fields I 1930-åra spelte han med lokale jazzgrupper og med bandleiaren Claiborne Williams. Etter å ha tent i US Navy under andre verdskrigen, vart han med i bandet til Dave Bartholomew som bassist, og vart ein av dei viktige studiomusikarane i Cosimo Matassa sitt J&M Studios i New Orleans, i lag med gitaristen Ernest McLean, trommeslagaren Earl Palmer, pianisten Salvador Doucette og saksofonistane Lee Allen og Red Tyler. Fields spelte på mange tidlege rhythm and blues- og rock and roll-innspelingar i New Orleans, som Fats Domino sin «The Fat Man» (innspelt i 1949), og mange av dei seinare hittane til Domino; Little Richard sin «Tutti Frutti» (1955) og dei seinare innspelingane hans for Specialty; og innspelingar av Professor Longhair, Smiley Lewis, Shirley & Lee, Lloyd Price, Huey «Piano» Smith, Ray Charles og mange andre. Fields var fleire år eldre enn dei fleste musikarane han spelte med.
Soft Machine I 19734, etter "Six", forlet Hopper bandet og vart erstatta av Roy Babbington, nok eit tidlegare Nucleus-medlem, som hadde medverka med kontrabass på "Fourth" og "Fifth" og til med (6-strengs) elektrisk bass. Denne nye kvartetten med Babbington, Jenkins, Marshall og Ratledge spelte inn dei neste (og siste) tre offisielle studioalbuma til Soft Machine. Etter dei gav ut "Seven" (1973) utan andre musikarar, byta bandet plateselskap frå Columbia til Harvest. På albumet "Bundles" i 1975 skjedde dei ei stor musikalsk endring då fusion-gitarist Allan Holdsworth dominerte med gitaren sin, liknande John McLaughlin i Mahavishnu Orchestra. Dette skilde albumet frå dei tidlegare Soft Machine-platene, som sjeldan hadde med gitar. På det siste offisielle studioalbumet, "Softs" (1976), vart han erstatta av John Etheridge. Ratledge, det siste gjenverande originale medlemmet i bandet, hadde gått frå bandet tidleg i innspelinga. Andre musikarar i bandet i denne perioden var bassistane Percy Jones (frå Brand X) og Steve Cook , saksofonistane Alan Wakeman og Ray Warleigh og fiolinisten Ric Sanders. Konsertane og plata frå 1977 (med den ironiske tittelen "Alive and Well") varf av dei siste for Soft Machine som funksjonerande band. Namnet Soft Machine vart nytta for plata "Land of Cockayne" frå 1981 (med Jack Bruce og igjen Allan Holdsworth, samt Ray Warleigh og Dick Morrissey på saksofon og John Taylor på elektrisk piano), og dei siste konsertane i London på Ronnie Scott's Jazz Club sommaren 1984 med Jenkins og Marshall i lag med Etheridge, Warleigh, pianisten Dave MacRae og bassisten Paul Carmichael.