Top 10 similar words or synonyms for ribbentrop

molotov    0.905880

pakta    0.799663

bukharin    0.716465

sovjetleiaren    0.713719

leszczyński    0.710398

stanisław    0.708642

thorn    0.707140

danzig    0.696292

altranstädt    0.694444

tsjekkarane    0.693884

Top 30 analogous words or synonyms for ribbentrop

Article Example
Molotov-Ribbentrop-pakta At Sovjetunionen hadde inngått ein slik avtale med Tyskland allereie før krigen begynte, blei ikkje innrømt av dei sovjetiske styresmaktene før i 1989. Då laga 2 millionar estarar, latviarar og litauarar ei over 600 km ubroten menneskelenke på 50-årsmarkeringa, kalla Den baltiske vegen, i protest mot den russiske okkupasjonen av dei tre landa. I 2004, på 15-årsdagen for denne menneskelenka, uttalte Litauen sin parlamentsleiar, Arturas Paulauskas, at dette var generalprøva for dei baltiske landa si frigjering frå Sovjetunionen. Av dei tre landa erklærte Litauen seg uavhengig først, litt over seks månader seinare.
Molotov-Ribbentrop-pakta Molotov–Ribbentrop-pakta, også kalla Hitler-Stalin-pakta, var ei ikkje-angrepspakt mellom Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Den blei underteikna i Moskva den 23. august 1939, vel ei veke før den andre verdskrigen braut ut. Namnet på pakta viser til dei sovjetiske og tyske utanriksministrane, Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov og Joachim von Ribbentrop, som underteikna avtalen.
Molotov-Ribbentrop-pakta Pakta omfatta ein hemmeleg tilleggsprotokoll, der partane delte Sentral- og Aust-Europa i innflytelsessfærar. Blant anna blei det avtalt at Estland og Latvia skulle gå til Sovjetunionen, medan Litauen skulle gå til Tyskland. Det dåverande Polen blei delt mellom landa; Tyskland fekk dei vestlege områda, som i hovudtrekk hadde vore tyske eller austerrikske før den første verdskrigen, og Sovjetunionen fekk områda aust for Curzon-lina som hadde vore russiske før krigen.
Molotov-Ribbentrop-pakta Pakta gjorde landa til eit slags allierte, og dei gjennomførte i byrjinga av september 1939 eit felles angrep på Polen. Polen fall raskt, og det blei gjennomført paradar frå begge land i grensebyane. Nazi-Tyskland sitt angrep på Sovjetunionen den 22. juni 1941, Operasjon Barbarossa, gjorde slutt på pakta. Sovjetunionen allierte seg deretter med Storbritannia, som allereie var i krig med Nazi-Tyskland.
Molotov-Ribbentrop-pakta Midt i juni 1940, medan den internasjonale merksemda var retta mot den tyske invasjonen av Frankrike, angreip sovjetiske NKVD-tropper grensestasjonar i Estland, Latvia og Litauen. Styresmaktene i landa vart likvidert, og erstatta med sovjetiske kadrar. Om lag 34.250 latviarar, 75.000 litauarar og nesten 60.000 estarar vart drepne eller deporterte. Det vart halde val, der det for det meste vart stilt kandidatar som var pro-sovjetiske. Dette gav nasjonalforsamlingar som bad om at landa vart tatt opp i Sovjetunionen, noko som naturlegvis vart innvilga. Sovjetunionen okkuperte heile Litauen, også område området Scheschupe, som skulle gå til Tyskland.