Top 10 similar words or synonyms for probably

woe    0.888630

injury    0.882712

freely    0.877335

died    0.875975

neighbourhood    0.867298

streams    0.864573

turned    0.864029

originally    0.863575

completely    0.859272

individual    0.856682

Top 30 analogous words or synonyms for probably

Article Example
Weasels Ripped My Flesh Zappa hadde alt synt ein hang til å uttrykke musikken sin i «fasar»—"We're Only in It for the Money" vart skriven som «fase ein av "Lumpy Gravy""— reknar Zappa-fans stundom dette albumet som fase to av "Burnt Weeny Sandwich". Begge albuma består av musikk av Mothers som ikkje tidlegare var gjeve ut, etter at Frank Zappa la ned gruppa i 1969. Alle utanom eitt spor på "Burnt Weeny Sandwich" har ei meir planlagt kjensle fanga av studioutstyr, medan fem spor frå "Weasels Ripped My Flesh" er the Mothers på scenen, der dei nyttar seg av frenetisk og kaotisk improvisasjon som er karakteristisk for avantgarde jazz og frijazz. Dette er særleg tydleg på «Eric Dolphy Memorial Barbecue», ein hyllest til multiinstrumentalisten, og som var ei av inspirasjonskjeldene nemnt i omslaget på albumet "Freak Out!". Han døydde i 1964. Songen opnar med ein kompleks melodi over ein 3/4-rytme, og bryt ut i hyl og latter etter tre minuttar, så vert temaet repetert og utvida. Etter ein kort seksjon med villskap, vert nummeret avslutta med stopp-start-måten. Påverknadane klassisk musikk hadde på Zappa er karakterisert på satirisk måte på «Prelude to the Afternoon of a Sexually Aroused Gas Mask», eit skodespel om Debussy sin «Prelude a l'apres-midi d'un faune (Prelude to the Afternoon of a Faun)». «Oh No» er ein vokal versjon av temaet som opphavleg kom ut på Zappa-albumet "Lumpy Gravy". Teksten «I think you're probably out to lunch» er ein referanse til Dolphy-albumet "Out to Lunch!" frå 1964. Avslutninga på albumet og tittelsporet består av at alle musikarane på scenen skapar så mykje støy og feedback som dei kan i løpet av to minutt. Ein kan høyre ein i publikum som roper etter meir då det heile er over. Allmusic Guide konkluderer med at sporet er «heilt logisk sett i samanheng med resten av albumet». Albumet inneheld òg ein blues med Don «Sugarcane» Harris på fiolin og vokal med «Directly From My Heart to You» (som i røynda vart spelt inn under innspelinga av "Hot Rats").