Top 10 similar words or synonyms for podolsky

rosen    0.708950

weber    0.703056

stockhausen    0.702516

karlheinz    0.699941

forshaw    0.696567

hummel    0.693705

tsjaikovskij    0.691523

freedman    0.689804

virgil    0.687250

borodin    0.684150

Top 30 analogous words or synonyms for podolsky

Article Example
Einstein–Podolsky–Rosen-paradokset Einstein–Podolsky–Rosen-paradokset eller EPR-paradokset var eit tankeeksperiment av Albert Einstein og kollegaene hans Boris Podolsky og Nathan Rosen (i lag kjend som EPR) for å påpeike det dei meinte var svakheitar i kvantemekanikken. Dei peikte på ein konsekvens av kvantemekanikk som støttespelarane til fagfeltet ikkje hadde lagt merke til.
Einstein–Podolsky–Rosen-paradokset Heisenberg-prinsippet var eit forsøk på å gje ei klassisk forklaring på ein kvanteeffekt stundom kalla ikkje-lokalitet. I følgje EPR var det to mogelege forklaringar. Anten var det på eit vis ein vekselverknad mellom partiklane, sjølv om dei var fråskilde, eller informasjon om utfallet i alle mogelege målingar var alt til stades hos begge partiklar.
Einstein–Podolsky–Rosen-paradokset På tida då EPR-artikkelen vart skriven var det kjend frå eksperiment at utfallet av eit eksperiment stundom ikkje kunne føresjåast eintydig. Eit døme på ein slik usikkerheit kan ein sjå når ein lysstråle treffer ein spegel halvvegs belagt med sølv. Eine halvparten av stråla vil bli reflektert og den andre vil gå igjennom. Men kva skjer når me aukar intensiteten på strålen, slik at berre eit og eit foton passerer om gangen? Framleis vil halvparten av fotona passere og den andre halvparten vil bli reflektert. Sjølv om me «førebur» fotona på at dei skal passere gjennom ein polarisator, vil det alltid vere eit eksperiment med eit resultat som ikkje kan føresjåast med tryggleik.
Einstein–Podolsky–Rosen-paradokset I følgje kvantemekanikken kan eit par av kvantesystem skildrast under visse tilhøve som ein enkel bølgjefunksjon, som då gjev sannsynet av utfallet av eksperimenta som kan utførast på dei to systema, anten i lag eller kvar for seg.
Einstein–Podolsky–Rosen-paradokset EPR-artikkelen, som vart skriven i 1935, viste at denne forklaringa ikkje var god nok. Artikkelen nemner to samanfiltra partiklar, kalla A og B, og peikte på at om ein målte ein storleik for partikkel A, så ville den konjugerte storleiken til partikkel B ikkje vere mogeleg å avgjere, sjølv om det ikkje var noko kontakt eller noko klassisk forstyrring mellom dei to partiklane.