Top 10 similar words or synonyms for pipipi

mohoua    0.862643

gulhovudmohua    0.849457

ochrocephala    0.824386

rhipiduridae    0.824149

ibidorhynchidae    0.822834

rallidae    0.813274

solrikse    0.812378

psittacidae    0.811955

columbidae    0.809608

hydrobatidae    0.807977

Top 30 analogous words or synonyms for pipipi

Article Example
Pipipi Pipipi, "Mohoua novaeseelandiae", er ein sporvestor fugl som flyttar seg fort rundt i habitatet sitt av skog og krattskog med mykje læte. Han er endemisk til New Zealand og lever berre på Sørøya og Stewart Island/Rakiura. Artsnamnet pipipi kjem frå språket maori, og er det same på engelsk språk jamvel om 'Brown Creeper' er ei vanleg engelske nemning på New Zealand.
Pipipi Pipipiane si fjørdrakt har raudbrun oversida frå panne til haletipp, men ikkje over nakken som saman med andletet er oskegrå. Heile undersida er lys gulbrun med eit mørkt band mot haletippen. Ein kvit flekk bak auget er svært liten. Dette er ein sporvefugl med lengd på 13 centimeter og vekta er ca. 13,5 og 11 gram for hannar og hoer høvesvis. Kjønna er elles like og ungfuglar har òg same fjørdrakta.
Pipipi Pipipiar er vanlegvis standfuglar og paret vernar eit territorium året rundt, unnatak er fuglar som hekkar i stor høgd og som trekker til lågare høgd om vinteren. Hannar har varierande og individuelle songar som kan innehalde både melodiske fløytetonar og harde tonar, eit læte kan vere 'tji-ro-ri-ro-ri-ri'. Hoa kan synge i duett med ein hannfugl, og har eit variert repertoar av triller og harde tonar.
Pipipi Populasjonen av pipipi gjekk ned med europeisk busetting på New Zealand etter øydelegging av låglandsskog og innføring av predatorar. Storleiken av bestanden er ikkje kjent, han reknast ikkje som trua og storleiken på populasjonen er trudd å vere stabil.
Pipipi Populasjonen lever spreidd og er avgrensa til Sørøya, Stewart Island/Rakiura og på øyar nær sistnemnde, slik som Codfish Island. På Sørøya er dei mest vanleg nord og vest for Søralpane. Dei lever i opphavleg skog, krattskog, og i plantasjar som til dømes i furuskog i Nelson på New Zealand. Ved Dunedin lever dei i opphavleg skog. Utbreiinga kan gå opp til tregrensa.