Top 10 similar words or synonyms for orbison

joel    0.713772

reed    0.694384

presley    0.687808

zappa    0.684816

waits    0.683155

petty    0.677701

lynne    0.670649

frey    0.664423

bowie    0.658980

nicks    0.652426

Top 30 analogous words or synonyms for orbison

Article Example
Roy Orbison I 1988 vart han med i supergruppa Traveling Wilburys med George Harrison, Bob Dylan, Tom Petty og Jeff Lynne og han gav ut eit nytt soloalbum. Han døydde av hjarteinfarkt i desember det året, på topp i den nye popularitetsbølgja han fekk oppleve på tampen av livet. Livet hans var prega av tragediar, inkludert dødsfalla til den første kona hans og dei to eldste sønene i forskjellige ulukker.
Roy Orbison Røysta til Orbison låg i området mellom baryton og tenor, og musikkforskarar meiner han hadde ei rekkjevidd på tre eller fire oktavar. Kombinasjonen av den mektige, lidenskaplege stemma til Orbison, dei komplekse musikalske arrangementa gjorde at mange musikkjournalistar kalla musikken hans opera-aktig og gav han tilnamnet «the Caruso of Rock». Både Elvis Presley, Tom Petty og Bob Dylan har sagt at stemma hans var den flottaste og mest særeigne dei hadde høyrt. Dei fleste mannlege rock and roll-artistane i 1950- og 1960-åra hadde ein utfordrande maskulinitet, medan mange songane til Orbison synte ein roleg og desperat sårbarheit. Han var kjend for å stå heilt i ro og aleine når han heldt konsertar og for å gå med svarte klede og mørke solbriller, noko som gav han ein aura av mystikk.
Roy Orbison Roy Kelton Orbison vart fødd i Vernon i Texas, som den mellomste sonen til Orbie Lee Orbison (1913–1984), ein oljearbeidar og bilmekanikar, og sjukepleiaren Nadine Shultz (1914–1992). Begge foreldra til Orbison var arbeidslause under den store depresjonen. I leitinga etter arbeid flytta familien til Fort Worth i barndommen hans. Han gjekk på Denver Avenue Elementary School fram til frykten for polio fekk dei til å reise attende til Vernon. Seinare flytta familien til Wink i Texas. Orbison skildra seinare viktige delar av livet hans i Wink som «fotball, oljefelt, olje, smurning og sand» og i seinare år fortalte han at han var letta over å kunne dra frå staden.
Roy Orbison Han opplevde ein smule suksess ved Sun Records og hamna i den indre venekrinsen til Elvis Presley, og henta ein gong ein date for Presley i den rosa Cadillac-en hans. Orbison selde «Claudette», ein song han skreiv om Frady, som han gifta seg med i 1957, til The Everly Brothers og denne kom ut på B-sida til den store hitten deira, «All I Have to Do Is Dream». Det første, og kanskje einaste honoraret Orbison fekk frå Sun Records gjorde at han kunne betale ned lånet på sin eigen Cadillac. Han var likevel frustrert hos Sun, og Orbison slutta gradvis å spele inn musikk, og turnerte rundt i Texas for å tene pengar. I ein sju månader lang periode i 1958 spelte han ikkje noko i det heile tatt. Bilen hans vart teken tilbake og i stor pengenaud var han avhengig av familien og vener for å overleve.
Roy Orbison I ein kort periode seint i 1950-åra arbeidde Orbison ved Acuff-Rose, eit låtskrivarfirma som hovudsakleg konsentrerte seg om countrymusikk. Etter å ha arbeidd ein heil dag med å skrive ein song, lagde han fleire demolydband, som han så sendte til Wesley Rose. Rose prøvde å finne artistar som kunne spele dei inn. Orbison prøvde òg å selje songar han hadde spelt inn, men som var skrivne av andre, til RCA Victor og han fekk særs stor respekt for Chet Atkins, som hadde spelt gitar med Presley. Orbison prøvde seg på ein song skriven av Boudleaux Bryant kalla «Seems to Me». Inntrykket til Bryant av Orbison var «ein forknytt, sjenert gut som verka forvirra av heile musikkindustrien. Eg hugsar måten han song på då - forsiktig, fint, men nesten blygt, som om han plaga nokon med synginga si og at dei kom til å kjefte på han.»