Top 10 similar words or synonyms for obo

fagott    0.930593

klarinett    0.920687

bratsj    0.903038

cello    0.898245

cembalo    0.894555

valthorn    0.894452

fiolin    0.884781

fløyte    0.882563

tverrfløyte    0.871619

strykarar    0.864902

Top 30 analogous words or synonyms for obo

Article Example
Obo Allereie frå antikken av kan ein finne forfedrane til oboen i ymse kunstverk. Tidlege variantar av oboen famnar om egyptiske zurnaer, greske aulosar, både enkle og doble, og tilsvarande instrument. Ein finn òg tidlege oboliknande instrument frå fleire stader i Asia. Seinare kom skalmeia som vart oppfunne på 1200-talet og er den direkte forfaren til oboen. Ho kom til Europa under krosstoga og vart nytta som uteinstrument.
Obo Den fyrste barokkoboen dukka opp i Frankrike midt på 1600-talet. Då vart han kalla "hautbois", sjølv om namnet òg vart nytta på føregangaren, skalmeia. Forma til oboen kom frå skalmeia, men det var visse skilnader mellom dei to instrumenta. Til dømes var barokkoboen delt opp i tre ledd, noko som gjorde tilverkinga av oboen meir presis. På oboen tok ein òg bort "piruetten", eit trestykke plassert mellom instrumentkroppen og røyrbladet som gav skalmeiene meir volum. Den sistnemnde skilnaden gav oboen ein meir kontrollert og raffinert ljod, og var difor kanskje meir enn noko anna grunnen til at han fekk ein varig plass i orkesteret.
Obo Då den klassisistiske musikkepoken kom, vart oboen gradvis smalna og utrusta med fleire klaffar, mellom anna for notane D♯, F og G♯. I denne perioden vart òg oktavklaffen føydd til slik at ein kunne spele dei ljose tonane utan å overblåse oboen. Eit smalare instrument gjorde det i tillegg enklare for oboistane å spele i det ljose registeret, noko komponistar drog fordel av og brukte oboen til dei ljose tonane. Ein kan difor sjå at toneregisteret på obostemma i klassisistiske verk strekkjer seg mykje høgare enn i til dømes barokkverk. Den klassiske oboen rekkjer frå c1 til f3, sjølv om nokre tyske og austerrikske oboar kunne spele ein halvtone lågare. Klassisistiske komponistar som skreiv konserter for obo er mellom anna Mozart, Beethoven og tallause andre komponistar som Johann Christian Bach, Johann Christian Fischer, Jan Antonín Koželuh og Ludwig August Lebrun.
Obo Ein obo, forkorta uttale av det franske ordet "hautbois", samansett av "haut" (høg) og "bois" (treverk), er eit treblåseinstrument som nyttar dobbelt røyrblad og er stemd i C. Han vart utvikla frå skalmeiene som var mykje brukt i mellomalderen og renessansen. Oboen vart til tidleg på 1600-talet og er difor eit av dei eldste instrumenta i treblåsfamilien. Namnet "obo" kjem frå det franske "hautbois" som tyder 'høgt' eller 'ljost tre'. På 1700-talet vart ein annan variant av oboen òg brukt, og denne varianten vart kalla «obo d'amore». Ein som speler obo er kalla ein «oboist».
Obo Oboen vart utvikla vidare på [800-talet av Triebert-familien i Paris. Med böhmfløyta som inspirasjon fingersystemet fann Triebert-familien opp fleire komplekse, men fullt ut fungerande system. Ein variant med store tonehol var aldri mykje brukt, sjølv om nokre europeiske militærkorps nytta det mot 1900-talet. F. Lorée i Paris laga utvikla systemet vidare til den moderne oboen. Dei vesle betringane på obosystemet har vore få, men har likevel heldt på jamnt gjennom heile 1900-talet.
Obo Barokkoboen var som oftast laga av buksbom og hadde tre fingerhòl; eit hovudhòl og to sideklaffar (Sideklaffen var vanlegvis dobla sånn at ein kunne bruke anten venstre eller høgre på bunnhòla etter som det passa seg). For å nå ljosare tonar var oboisten difor nøydd til å overblåse instrumentet. Obomakarar i barokken det er verdt å merkje seg er den tyske Jacob Denner og Eichentopf, og dei engelske Stanesby Sr. og Jr. Registeret til barokkoboen stekte seg frå c1 til d3. Då musikarar fekk augo opne for tidlegare musikk midt på 1900-talet, byrja nokre instrumentmakarar å lage kopiar av dei overlevande barokkoboane.
Obo Det wienesiske orkesteret Wiener Philharmoniker bruker ein såkalla wienesisk obo som vart oppfunne på byrjinga av 1900-talet av Hermann Zuleger. Der er tekne vare på slik at dei ikkje har forandra seg noko særleg fram til no. Ljoden til den wienesiske oboen er difor særprega fordi han har ljoden til oboen slik han ljodde hundre år sidan, gjennom røyrbladet, fingermekanikken og det indre kammeret som er noko annleise. No er det berre nokre få produsentar som lager den wienesiske oboen, mellom anna André Constantinides, Karl Rado, Guntram Wolf og Yamaha.
Obo Den moderne oboen er vanlegvis laga av grenadill, sjølv om nokre produsentar lagar oboar av andre artar av slekten "Dalbergia". Ibenholt har òg vorte nytta. Elevmodellene er ofte laga av plast, noko som gjer desse oboane mindre utsett for å sprekke opp, samstundes som dei blir billigare. I den moderne oboen er det sylindriskforma holet inni oboen særs smalt. Han blir spelt med eit dobbelt røyrblad som blir sett ned i røyrbladholet på toppen av instrumentet. Oboen sitt register strekkjer seg frå b3 til omtrent g6, over to og ein halv oktav, sjølv om obonotar normalt er skrivne mellom c4 og e♭6. Nokre studentoboar når berre ned til h3 fordi b3 knappen ikkje er der, men denne variantar blir mindre og mindre vanleg.
Obo Ljoden til oboen er klår og trengjer lett gjennom andre instrument, noko som kjem av at oboen nyttar dobbelt røyrblad og at instrumentet er kjegleforma, til skilnad frå til dømes fløyter og klarinettar som er sylinderforma. Grunna det doble røyrbladet kan berre små endringar i munnstillinga skape store skilnader i klangen. I samspel blir oboen ofte brukt som det instrumentet som gjev stemmetonen fordi han trengjer så lett gjennom anna instrument. Ljoden er skildra som «ei and dersom anda var ein songfugl».
Obo Ein moderne obo med "heil konservatorie" eller Gillet-system har heile 45 klaffar og hol, med sjanse for å leggje til ein tredje oktavklaff og ein alternativ F- eller C-klaff. Klaffane er til som oftast laga av nysølv, og er sølv- eller gullplata. Bortsett frå heil-konservatorie-systemet blir oboar laga med det engelske tommelplatesystemet. Dei fleste har «halvautomatiske» oktavklaffar som tyder at når ein speler i andre oktav så blir den fyrste lukka, og nokre har «heilautomatisk» system slik som på saksofonane. Somme heil-konservatorie-oboar har opne fingerhol i staden for klaffar som dekkjer («openhola»), og storparten av dei profesjonelle modellane har minst tredje klaff på høgre hand openhola. I Storbritannia blir konservatoriesystemet oftast nytte saman med ein tommelplate. Med denne mekanismen får oboisten det beste frå to verder om ein tenkjer på fingermekanismen.