Top 10 similar words or synonyms for nilsen

knutsen    0.870821

gundersen    0.859884

kristiansen    0.854411

åge    0.848034

thoresen    0.846800

rune    0.842449

myhre    0.840668

jahn    0.836105

morten    0.835738

ludvigsen    0.832981

Top 30 analogous words or synonyms for nilsen

Article Example
Arne Nilsen Nilsen var medlem i heradsstyret på Voss frå 1952 til 1967, ordførar 1960-63. Ved stortingsvalet i september 1965 vart han vald til å representere Hordaland fylke på Stortinget, og med fire attval vart han verande tingmann i 20 år. Han var frå 1965 til 1977 medlem i Kommunalkomiteen, som nestformann 1969-73 og formann 1973-77. Hausten 1977 vart han vald til formann i Finanskomiteen, men allereie 11. januar 1978 vart han utnemnd til statsråd i Kommunal- og arbeidsdepartementet. Den 8. oktober 1979 flytta statsminister Odvar Nordli han over til Sosialdepartementet. Nilsen vart verande sosialminister då Gro Harlem Brundtland tok over som norsk statsminister 4. februar 1981, og han gjekk av saman med den fyrste Brundtland-regjeringa i oktober same året. I si femte stortingsperiode var Nilsen 1981-85 medlem i Forbrukar og administrasjonskomiteen og president i Odelstinget.
Lillebjørn Nilsen Lillebjørn Nilsen danna i 1988 gruppa [[Gitarkameratene]] saman med venene og kollegene [[Jan Eggum]], [[Halvdan Sivertsen]] og [[Øystein Sunde]]. Dette samarbeidet gjorde nytte av og framheva det samla, store og klassiske viserepertoare og dei virtuose gitar- og vokalferdigheitene til dei fire medlemmene. Samarbeidet tok slutt i 1994 etter to suksessfulle plateutgjevingar og omfattande turnear. Dei tok uventa opp att samarbeidet i 2010 med utselde konsertar i dei store byane. Som forfattar av "[[Lillebjørns Gitarbok]]", som sidan 1973 er utkome i eit samla opplag på meir enn 170 000 eksemplar – det høgaste opplaget for noka musikkpedagogisk lærebok eller visebok i Noreg nokonsinne – har Lillebjørn Nilsen gjeve eit eineståande bidrag til utbreiinga av gitarmusikkunsten og visekunsten i Noreg.
Lillebjørn Nilsen I 2000 låg Lillebjørn Nilsen an til å motta Oslo bys kulturpris, men ei hending på den lukka presse- og politikerbaren [[Tostrupkjelleren]] sette ein stoppar for dette. Under ein oppheita politisk diskusjon tømde Lillebjørn Nilsen resten av ølglaset sitt over debattmotstandaren sin [[Vidar Kleppe]], på den tida enno medlem av Frp. Til trass for den herskande «gentlemen's agreement» om at heftige diskusjonar på Tostrupkjelleren ikkje skulle ut i det offentlege, hamna saka likevel på førstesidene. Frp sørgde deretter for at kulturprisen til kommunen ikkje gjekk til Lillebjørn Nilsen det året.
Elin Nilsen Under NM 1994 i Vegårshei tok Nilsen sitt tredje NM-gull. Sidan vart ho norsk meister på 15 km i 1997, på 5 km i 1998, og på både 15 km og 30 km i 1999. I 2002 tok sitt åttande og sitt siste noregsmeisterskap i langrenn. To år seinare fekk hos NM-bronsen på tremila, hennar 19 NM-medalje, alle i individuelle tevlingar.
Alfred Nilsen Nilsen var medlem av bystyret i Tromsø i 42 år, frå 1922 til 1964. Han var ordførar i byen frå 1937 til han var avsett av okkupasjonsstyret i 1941, men fekk att ombodet for nokre månader i 1945.
Alfred Nilsen Fireårsperioden 1950-53 var Nilsen stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark, det vil seie Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø. Han søkte attval til Stortinget hausten 1953, då frå fylkeskrinsen Troms, men korkje då eller i 1957 lukkast han å verte kome inn Tinget. Begge desse tingbolkane, 1954-57 og 1957-61 var han 1. vararepresentant for Troms. Han var medlem i Venstre sitt landsstyre frå 1950 til -58.
Mount Nilsen Mount Nilsen er ein fjelltopp 4 nautiske mil (7 km) vest-sørvest for Mount Paterson i Rockefeller Mountains, på Edward VII Peninsula. Det vart oppdaga i 1929 av Byrd-ekspedisjonen, og vart namngjeve av Byrd etter kaptein Nilsen på norske kvalbåten «Carl Anton Larsen», som taua «City of New York» gjennom pakkisen.
Peder Nilsen Han var medlem 1882-89 av formannskapet i Hamar. Perioden 1889-91 var Nilsen
Olav Nilsen Han debuterte på det norske fotballandslaget i juni 1962, og var gjennom 1960-åra ein sentral spelar på landslaget. I alt skåra han 19 landslagsmål, derimellom eitt av måla då Noreg vann med 3-0 over Jugoslavia på Ullevål stadion i ein VM-kvalifiseringskamp i juni 1965, høgdepunktet for norsk landslagsfotball på 1960-talet.
Rudolf Nilsen Rudolf Nilsen er blitt minna ved at eit friområde ved Heimdalsgata 26 i Oslo (betre kjent som "Nr. 13" i eit av Rudolf Nilsen sine dikt) har fått namnet Rudolf Nilsens plass.