Top 10 similar words or synonyms for nightcap

hallmark    0.877347

hallingdalselva    0.871772

hochfelden    0.871686

frosty    0.871392

repeat    0.869240

annonce    0.867523

sucker    0.866230

underneath    0.866005

harmonica    0.861087

smokin    0.860545

Top 30 analogous words or synonyms for nightcap

Article Example
Nightcap Nightcap: The Unreleased Masters 1972-1991 er eit dobbelt samlealbum av Jethro Tull, utgjeve i november 1993 med eldre og tidlegare ikkje utgjeve materiale. Den første CDen inneheld songar spelte inn i august 1972, og mykje av dette vart spelte inn på nytt og omarrangert som det sjette albumet deira, "A Passion Play" (1973). «Scenario», «Audition» og «No Rehearsal» hadde tidlegare ikkje vore gjeve ut på "20 Years of Jethro Tull" som ein del av eit enkelt spor kalla «The Chateau d'Isaster Tapes». Denne tittelen vert ò gnytta på heile disk ein av "Nightcap". Den andre plata består av opptak frå 1974 til 1991. Albumet vart produsert i avgrensa opplag og inntektene gjekk til veldedige føremål.
Jethro Tull Etter 1992-turneen, der Dave Mattacks frå Fairport spelte trommer, kom det andre offisielle konsertalbumet til bandet ut, "A Little Light Music". Anderson lærte seg så å spele fløyte på ny etter at dottera som hadde starta å lære fløyte på skulen oppdaga at faren ofte hadde feil fingersetting. Anderson byrja å skrive songar som var kraftig påverka av verdsmusikk. Dei første utgjevingane med «nylært» fløyte var "25th Anniversary Box" der ein i tillegg til klassiske songar og tidlegare uutgjevne konsertopptak hadde ein heil CD med gamle songar frå heile karrieren til bandet spelt inn på ny med den noverande besetninga. I tillegg kom samleplata "Nightcap" ut med studiomaterial som tidlegare ikkje var gjeven ut (hovudsakleg innspelinga frå før "Passion Play"-albumet), der fleire fløytespor vart spelte inn på nytt.
Jethro Tull Jobson og Craney gjekk attende til sine eigne arbeid etter A-turneen og Jethro Tull gjekk inn ein periode der dei stadig skifta trommeslagarar: Gerry Conway som forlet bandet då han meinte at han ikkje kunne erstatte Barlow, Phil Collins (erstatta Gerry Conway, og spelte med bandet på den første Prince's Trust-konserten i 1982), Paul Burgess (for den amerikanske delen av Broadsword and the Beast-turneen som forlet bandet for å slå seg til ro med familien sin), og den permanente trommeslagaren Doane Perry. 1981 vart det første året i karrieren deira der dei ikkje gav ut noko album, men dei var i studio (Anderson, Barre, Pegg og Conway med Anderson på tangentinstrument). Somme av desse songane vart gjevne ut på samleplata "Nightcap" i 1993. I 1982 kom Peter-John Vettese inn på tangentinstrument, og bandet gjekk attende til ein noko meir folkeaktig stil - men framleis med synthesizerar - for "The Broadsword and the Beast" i 1982. Den påfølgjande konsertturneen for albumet vart møtt med stort publikum og showa vart ein av dei siste for bandet der dei kledde seg ut og nytta teatralske effektar. Mellom anna vart scenen bygd for å likne eit vikingskip og bandet var kledd ut i mellomalderklede.
Jethro Tull I 1973 medan bandet var i skatteeksil prøvde dei å spele inn eit dobbeltalbum i Château d'Hérouville i Frankrike (noko The Rolling Stones og Elton John blant andre gjorde på denne tida), men visstnok var dei så misnøgde med kvaliteten på studioet at dei gav seg med det og kalla studioet «Chateau d'Isaster». Eit 11 minuttar langt klipp frå innspelingane finst i plateboksen "20 Years of Jethro Tull" frå 1988, og dei komplette «Chateau d'Isaster Tapes» vart gjevne ut i 1993 på samleplata "Nightcap", der dei i ettertid hadde lagt fløyte oppå delane der vokalen mangla. Dei vendte attende til England og Anderson omarbeidde musikken som raskt vart spelt inn og gjeven ut som "A Passion Play", nok eit konseptalbum med berre eit enkelt spor. Dei allegoriske tekstane fokuserer på livet etter døden. Som på «Thick as a Brick» nytta bandet insturment på "A Passion Play" som var heller uvanlege i rockemusikk. Albumet inneheldt òg eit mellomspel kalla «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles», som vart skriven av Anderson og Evan og lese av bassist Hammond. "A Passion Play" selde godt men fekk generelt dårlege kritikkar, inkludert ei særleg dårleg melding av ei konsertframføring av Chris Welch i "Melody Maker".