Top 10 similar words or synonyms for nedstrand

mosterøy    0.880204

rennesøy    0.858902

vikedal    0.857152

høle    0.853120

jelsa    0.848651

vikebygd    0.847047

vindafjord    0.838976

sjernarøy    0.838097

alversund    0.836137

tysvær    0.829254

Top 30 analogous words or synonyms for nedstrand

Article Example
Nedstrand Nedstrand er ein tettstad, eit sokn og ei halvøy i Tysvær kommune i Rogaland fylke. Innbyggjarane vert kalla anten "nedstrandsbuar" eller "nedstrendingar".
Nedstrand Halvøya avgrensast av Hervikfjorden i vest, Nedstrandsfjorden i sør, Vindafjorden i aust, Yrkefjorden i nord og er landfast i nord ved grenda Yrke. Ho er nut- og skogtekt, og klimaet er typisk for Ryfylke; lunt, med gode tilhøve for fruktdyrking, urtehagar og eksotiske tre. Den høgste nuten på Nedstrand er Lammanuten på over 600 meter. Det er mange fiskevatn på Nedstrand, og det største er Lysevatnet, som er ei mil langt og særs djupt, men som ligg mindre enn ein kilometer frå sjøen. Lysevatnet og Hinderå deler nestan halvøya i to. Enden av Lysevatnet heiter Vassendvik. Ved Hinderåa, mellom Hinderåvågen og Lysevatnet, ligg i dag eit oppdrettsanlegg for smolt. Her dreiv tidlegare Tveit jordbruksskule eit lite kraftverk. Her, ved elva og ut mot havet — men stengd inne av ei bru som går over den hindrande Hinderåa — ligg og den gamle kyrkjegarden frå mellomalderen, som enno i dag har ein ekte gapestokk i stein ståande. Ved kyrkjegarden låg òg den gamle kyrkja som i 1868 vart bytt ut med den nye litt lenger oppe frå havet.
Nedstrand I 1965 vart søre delen av Skjold innlemma i Tysvær kommune. Dette området, kalla Vordeneset (frå 1975 Skjoldastraumen) kapelldistrikt, vart først lagt til Tysvær sokn, men vart i 1969 overført til Nedstrand. I 1988 vart likevel krinsane Grinde, Halleland og Sundfør med omgivnad flytta til Førresfjorden sokn.
Nedstrand Nedstrand sokn heitte i eldre tid Hinderå. Namnet gjekk av bruk i dagleg tale, og i 1881 vart det offisielt endra til "Nerstrand", som frå langt tilbake allereie var brukt som namn på prestegjeldet og munnleg også på soknet. Det uttalast ""næsstrann"", og fekk den noverande skrivemåten fastsett 1917.
Nedstrand Nedstrand sokn har 1 837 innbyggjarar (2013), helvta av dei på Nedstrandhalvøya og helvta i Skjoldastraumen med omgivnad. Soknet høyrer til Haugaland prosti.