Top 10 similar words or synonyms for mammatus

praecipitatio    0.915424

castellanus    0.911796

translucidus    0.904939

calvus    0.896805

lacunosus    0.892496

opacus    0.889951

undulatus    0.877083

uncinus    0.875812

lenticularis    0.874301

duplicatus    0.871214

Top 30 analogous words or synonyms for mammatus

Article Example
Mammatus Mammatus (mamma eller mammatocumulus) er eit meteorologisk omgrep på hengande skykuler på undersida av ei sky, som oftast ei cumulonimbussky, men dei kan òg oppstå under altocumulus- eller stratocumulusskyer. Dette er kanskje det mest spektakulære skyfenomenet som kan oppstå i atmosfæren, og er eit ynda mål for vêrobservatørar og fotografar. Dei kan vare frå eit par minutt til fleire timar før dei blir oppløyste og forsvinn.
Mammatus Dei blir danna ved ein slags «omvendt konveksjon». I ei cumulonimbussky vil varm, fuktig luft stige til toppen av troposfæren. Over troposfæren er luftlaga meir stabile, og dette stoggar den vertikale luftrørsla, og den stigande lufta blir i staden pressa horisontalt ut frå toppen av skya (kjend som amboltsky). Dei skyfri områda under amboltskya er kjøligare, og temperaturskilnaden mellom dei to luftmassane fører til ein instabilitet under ambolten. Dette fører til at lommer med varm og fuktig luft i skya blir ført nedover. Denne omvendte konveksjonen blir forsterka av tyngdekrafta og fallande nedbør i skya. Dei søkkande luftrørslene fører til at den varme, fuktige lufta kondenserer i det tørrare luftlaget under skya, og det blir danna kuleforma utvekstar som heng ned frå undersida. Desse kan dekke eit stort område.
Mammatus Mammatus har ofte vore kopla til tornadoar, særleg på 50- og 60-talet. Dette er ei vanleg feiltolking. Mammatus er ikkje eit førevarsel for tornadoar, men er eit mogeleg biprodukt.
Mammatus Det er svært vanleg at cumulonimbusskyer med mammatus inneheld kraftige vindskjer, og i visse tilfelle òg kulelyn. Derfor vil flypilotar alltid prøve å unngå slike skysystem.
Supercelle Mammatus er kuleforma skyformasjonar som heng ned frå undersida av ambolten til toreskya. Desse blir danna når kald luft i skya søkk ned i varmare luft under. Mammatus er mest synleg visst dei blir lyst på frå sida eller nedanfrå, og er derfor mest imponerande når sola står lågt på himmelen. Mammatus blir ikkje berre danna i superceller, men òg vanlege toreskyer og cumulonimbusskyer.