Top 10 similar words or synonyms for lucien

ambroise    0.876973

dominique    0.875984

yves    0.875252

armand    0.873022

francois    0.872037

maxime    0.871338

romain    0.869422

eugenio    0.865498

gérard    0.864234

clément    0.863033

Top 30 analogous words or synonyms for lucien

Article Example
Lucien Febvre Febvre vart med åra skeptisk til teologien. Han nekta å sjå på menneske som underlagd krefter dei ikkje kan rå med. Religion og gamle tenkemåtar var uforeinlege med, sågar farlege i moderne samfunn. Han vart overbevist om at å endre religiøse haldningar og synsmåtar er like umogleg som å ha avgjerande innverknad på utfallet av politiske og sosiale opprør. Folk trong utdanning skulle dei unngå farane gamle tenkemåtar representerte.
Lucien Febvre Febvres arbeid om Filip II vart publisert i 1911. I dette verket prøver han å avgjere samanhengen mellom ymse fakta, og synleggjere desse på ein truverdig måte. Han rekonstruerer liva til landsbyfolket og bybebuarane i tradisjonelle, landlege samfunn i Frankrike ved å knyte saman tidsrette fakta kring geografi og miljø. Med si skildring av elvar, saltgruver, vingardar og andre omgjevnader skaper Febvre eit presist og truverdig bilete av tilværet og synsmåtane i epoken. På det viset kunne Febvre avsløre den negative innverknaden den franske regjeringa hadde på levekåra i provinsen Franche-Comté. Denne måten å skrive historie på er kjent som totalhistorie, og var ei ny form for historieskriving.
Lucien Febvre I 1929 fekk Febvre publisert eit arbeid om protestantismen. Her forsøker han å studere folkelege religiøse førestillingar gjennom å kvantifisere åtferda til samfunnsmedlemene. Frå eit stort reservoar av kjelder (frå kyrkjer og kloster) var han i stand til å vinne innsikt i korleis presteskapet nærma seg skiftande synsmåtar i kristendomen. Og korleis prestane prøvde å omsetje nye tankar til kyrkjelyden. Gjennom arbeidet med protestantismen vart Febvre oppteken av etnografien, og dette faget sin måte å kvantifisere menneskeleg aktivitet på.
Lucien Febvre "Annales" vart møtt med positive omtalar, og nådde ein stor lesekrins i sine tidlege år. Seinare tok tidsskriftet ein annan kurs, og utgjevarane Bloch og Febvre trekte seg ut.
Lucien Febvre Lucien Paul Victor Febvre var ein fransk historikar. Han er særleg kjend for rolla han hadde i etableringa av Annales-skulen i historiefaget.