Top 10 similar words or synonyms for lillebjørn

åge    0.780829

nilsen    0.770356

morten    0.760481

øivind    0.755784

knutsen    0.750571

wenche    0.749947

ketil    0.749285

aleksandersen    0.747607

rypdal    0.747215

hanne    0.745981

Top 30 analogous words or synonyms for lillebjørn

Article Example
Lillebjørn Nilsen Bjørn «Lillebjørn» Falk Nilsen er ein norsk songar, låtskrivar og folkemusikar. Han vert ofte omtalt som «visekongen» i Noreg. Gjennom opptredenar, plateutgjevingar, visebøker og gitarbøker, var Lillebjørn Nilsen kanskje han som meir enn nokon annan artist fronta Den norske visebølgja.
Lillebjørn Nilsen Gjennom ein mannsalder har Lillebjørn Nilsen skapt songar som har vorte allemannseige; «Far har fortalt», «Tanta til Beate», «Se alltid lyst på livet», «[[Stilleste gutt på sovesal 1» og «Alexander Kiellands plass», for å nemna nokre få. Nilsen har turnert i Skandinavia, Frankrike, Sveits, Belgia, Tyskland, Kina og USA, og har motteke fem [[Spellemannprisen|Spellemannprisar]], anten som soloartist eller som medlem av ei gruppe.
Lillebjørn Nilsen Sist på 1970-talet deltok Lillebjørn Nilsen i gruppa Ballade!, beståande av han sjølv, [[Lars Klevstrand]], [[Åse Kleveland]] og [[Birgitte Grimstad]]. Han turnerte òg ofte med [[Steinar Ofsdal]]. Slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet vart ei kunstnarisk blomstringstid for Nilsen, som i denne tida «fann tonen» overfor det store publikummet som soloartist, og i særleg grad som Oslos eiga stemme og trubadur. Samarbeidet med [[Hot Club de Norvège]] og [[Jon Larsen]] starta i 1982 med «Tanta til Beate».
Lillebjørn Nilsen I 2005 mottok Lillebjørn Nilsen endeleg Oslo bys kulturpris for 2004, bl.a. med grunngjevinga: «Lillebjørn Nilsen er den visekunstneren som mer enn noen andre har bidratt til Oslos kultur og dens selvforståelse, identitet og stolthet som storby, i den grad at enkelte uttrykk fra hans tekster har gått inn som alminnelige uttrykk i vårt språk.»
Lillebjørn Nilsen Etter "Nære Nilsen" (1993) har Lillebjørn Nilsen ikkje ytra seg i form av nye songar, med unntak av fleire bidrag på hyllestalbum til både [[Vidar Sandbeck]] (både åleine og saman med Gitarkameratane) og Erik Bye (her song han «Anna Lovinda»).
Lillebjørn Nilsen Lillebjørn Nilsen deltok på [[Minnemarkeringa i Oslo 22. juli 2012]] som var ein konsert for eittårsmarkeringa for terrorangrepa i Noreg 2011. Han framførde «[[God Natt Oslo]]» og [[Barn av regnbuen]].
Lillebjørn Nilsen Inspirasjonskjelder for diktinga til Lillebjørns Nilsen finn ein elles i den amerikanske singer/songwriter-tradisjonen; [[Bob Dylan]] og [[Pete Seeger]] er artistar som har inspirert han. Nilsen og Seeger song saman på Tønder visefestival i 1990. Seinare bad Seeger Nilsen om å korrekturlesa sjølvbiografien sin, og dessutan koma med kritiske merknader. Lillebjørn har sagt han er stolt over å kunna kalla Seeger sin ven. [[Rudolf Nilsen]] har òg påverka Lillebjørn Nilsen. Begge var opptekne av Oslo, arbeidarrørsla og «grasrota» i folket. Songen «Gategutt» er eit av Rudolf Nilsens dikt som Lillebjørn Nilsen har skrive melodi til. Som kresen og samstundes folkeleg tekstforfattar, ein visuell erindringskunstner og med ein uvanleg melodisk og harmonisk teft, har Nilsen skapt ikoniske Oslo-songar.
Lillebjørn Nilsen Lillebjørn Nilsen danna i 1988 gruppa [[Gitarkameratene]] saman med venene og kollegene [[Jan Eggum]], [[Halvdan Sivertsen]] og [[Øystein Sunde]]. Dette samarbeidet gjorde nytte av og framheva det samla, store og klassiske viserepertoare og dei virtuose gitar- og vokalferdigheitene til dei fire medlemmene. Samarbeidet tok slutt i 1994 etter to suksessfulle plateutgjevingar og omfattande turnear. Dei tok uventa opp att samarbeidet i 2010 med utselde konsertar i dei store byane. Som forfattar av "[[Lillebjørns Gitarbok]]", som sidan 1973 er utkome i eit samla opplag på meir enn 170 000 eksemplar – det høgaste opplaget for noka musikkpedagogisk lærebok eller visebok i Noreg nokonsinne – har Lillebjørn Nilsen gjeve eit eineståande bidrag til utbreiinga av gitarmusikkunsten og visekunsten i Noreg.
Lillebjørn Nilsen I 2000 låg Lillebjørn Nilsen an til å motta Oslo bys kulturpris, men ei hending på den lukka presse- og politikerbaren [[Tostrupkjelleren]] sette ein stoppar for dette. Under ein oppheita politisk diskusjon tømde Lillebjørn Nilsen resten av ølglaset sitt over debattmotstandaren sin [[Vidar Kleppe]], på den tida enno medlem av Frp. Til trass for den herskande «gentlemen's agreement» om at heftige diskusjonar på Tostrupkjelleren ikkje skulle ut i det offentlege, hamna saka likevel på førstesidene. Frp sørgde deretter for at kulturprisen til kommunen ikkje gjekk til Lillebjørn Nilsen det året.
Lillebjørn Nilsen Lillebjørn Nilsens årlege sommarkonsert på [[Rockefeller_Music_Hall|Rockefeller]] i Oslo (midt i juli) har vorte ein fast sommartradisjon for mange. Dei seinare åra har han hatt med seg dottera, [[Siri Nilsen]], på scena. Siri Nilsen er ein lovande artist, som spelar ukulele og syng.