Top 10 similar words or synonyms for fiolin

cello    0.914834

obo    0.884781

klarinett    0.871548

cembalo    0.868943

piano    0.862564

strykarar    0.860166

bratsj    0.857588

fløyte    0.855293

kontrabass    0.824322

trombone    0.815241

Top 30 analogous words or synonyms for fiolin

Article Example
Fiolin I Noreg fekk me vår eigen utgåve av fiolinen. Den heiter hardingfele og har fire spelestrenger og vanlegvis fire til fem resonansstrenger.
Fiolin Fiolinfamilien med sine medlemmer fiolin, bratsj og cello vart utvikla frå instrument som vihuela og lira da braccio i Italia på første halvdel av 1500-talet — truleg kring 1520. I løpet av dei neste to hundre åra vart fiolinfamilien vidareutvikla og perfeksjonert av kjende fiolinmakarar som Amati-familien og Antonio Stradivari.
Fiolin Ein fiolinist held som regel fiolinen vassrett utover frå halsgropa. Han held fiolinhalsen med den venstre handa, som han òg bruker til å pressa strengane ned med for å få ulike tonar, og kan skjelva med henne for å få tonane til å vibrera ("vibrato"). Den høgre handa brukar han til å halda bogen eller til å plukka strengane med ("pizzicato"). I andre tradisjonar enn den vestlege klassiske kan ein halda fiolinen litt annleis.
Fiolin Fiolinen kan brukast som soloinstrument, i grupper eller i større orkester. Instrumentet vert brukt innan fleire sjangrar. Det er særs viktig innan vestleg klassisk musikk, jazz, folkemusikk og karnatisk musikk, men ein høyrer òg fiolinar i filmmusikk, pop og rock.
Fiolin Virtuose fiolinistar gjorde òg sitt til å utvikla spelestilen. Fiolinen vart først halden mot brystet, men aukande vekt på posisjonsspel gjorde at den ein fann ut at å halda han under haka gav meir fridom. Teknikkar som vibrato (skjelving), pizzicato (plukking) og å flytta handa i ulike posisjonar over strengene (sjå posisjonsspel) vart utvikla av folk som Arcangelo Corelli, Antonio Vivaldi, Giuseppe Tartini og den legendariske Niccolò Paganini.