Top 10 similar words or synonyms for chingford

goodmayes    0.817134

hounslow    0.810121

acton    0.800044

knighton    0.797447

leyton    0.797130

hillingdon    0.796884

exmouth    0.795462

estauaret    0.793922

hitchin    0.793718

dukinfield    0.792344

Top 30 analogous words or synonyms for chingford

Article Example
Chingford I 1894 vart Chingford eit urbant distrikt, og fekk dermed status som by. I 1965 vart den innlemma i bydelen Waltham Forest og dermed i Stor-London. Han utgjer dermed ikkje lenger eit eige distrikt, men er framleis ein by innanfor ein større by. I mellomkrigsåra var det stor utvikling, og seinare har det mellom anna kome eit stort handelsområde på Chingford Mount.
Chingford På Pole Hill, òg rett utanfor byen, står ein obelisk i granitt. Han vart reist i 1824 av John Pond, som var kongeleg astornom. Obelisken markerer nordleg retning frå Greenwich-observatoriet. Plasseringa skulle vere på Greenwichmeridianen, men ved omkalkuleringa av denne på 1800-talet kom ein til at han står omkring fem og ein halv meter vest for meridianen.
Chingford Chingford er ein by i Waltham Forest i Stor-London, omkring 16 km nordaust for Charing Cross. Nord og aust for byen ligg Epping Forest og grensa til Essex. Mot vest finn ein King George's Reservoir og elva Lee.
Chingford Queen Elizabeth's Hunting Lodge, opphavleg kalla Great Standing, vart bygt for Henrik VIII i 1543. Han vart brukt når monarken ønskte å sjå hjortane i skogen, og fekk seinare namn etter Elizabeth I fordi ho sette pris på staden. Hytta er endra mykje etter hennar tid. Bygningen ligg i Epping Forest rett utanfor byen, og er open for publikum.
Chingford Staden er nemnt i "Domesday Book" (1086) som "Cinghefort". Dei eldste busetnadane var landsbyar ved Chingford Green og Chingford Hatch. Langs elvebreidda var det ein del trafikk, fordi staden låg langs ruta mellom Waltham Abbey og Stratford via Walthamstow.