Top 10 similar words or synonyms for breinebbtodi

nærskylte    0.679667

hekkedrakta    0.656927

stillesittande    0.656507

hirta    0.654514

ketsalar    0.646909

hannfuglane    0.643476

bladfuglar    0.640753

stubelii    0.639443

gråalbatross    0.635728

viftestjertar    0.635102

Top 30 analogous words or synonyms for breinebbtodi

Article Example
Todifamilien Dette er små fuglar, nærskylte til sporvefuglar. Dei lever i skogar i nordlege Karibia, Puerto Rico, Jamaica, Cuba, med nærliggjande øyar. Puerto Rico og Cuba har ein art kvar, Hispaniola har to artar, breinebbtodi i låglandet inkludert Gonâveøya og smalnebbtodi i høglandet.
Todifamilien Som dei fleste andre råkefuglar, hekkar todiar i hòler i bakken eller i rotne trestammar. Dei grev ut tunellar med nebbet og føtene. Tunellane inn til reirplassen i hòla kan vere 30 cm lange hos kubatodiar og smalnebbtodiar, og frå 30 til 60 cm hos breinebbtodi. Generelt blir ikkje reirplassen gjenbrukt. Kvart kull er på omkring fire egg som begge foreldra rugar, og begge foreldra tar omsut for ungane. Ungane er hjelpelause og blir i reiret til dei kan flyge. Dei kan få mat opptil 140 gonger per dag, den høgaste raten kjent blant fuglar.
Todifamilien Todiar et små byttedyr som insekt og øgler. Insekt, spesielt grashopper, sirissar, biller, mygg, sommarfuglar, bier, kvefs og maurar dannar den største delen av dietten. Dei kan òg ta edderkoppar og tusenbein, samt ei lita mengd frukt, omkring 2 % av føda. Todiar sit vanlegvis lågt, på ei lita grein, einskildvis eller i par. Dei kan sitje urørleg, eller hoppe litt sidelengs. Om ein todi har oppdaga eit byttedyr som rører seg på undersida av eit blad over han, kan han flyge kort diagonalt oppover for å fange byttet. Dei kan òg plukke byttedyr opp frå bakken, nokon gonger jage byttet med eit par hopp. Todiar er generelt stillesittande; den lengste einskildflyging som er skildra for breinebbtodi er ikkje meir enn 40 meter. Dei er mest aktive tidleg på dagen når solfylt vêr følgjer etter regnvêr, og i månadene mars og september.