Top 10 similar words or synonyms for bokutgjeving

sindel    0.770764

hafar_al    0.756916

radev    0.754304

amirim    0.754275

danke    0.747163

produktdesign    0.740445

kortversjonen    0.739509

survakari    0.739180

lyutitsa    0.732936

språkpakke    0.732667

Top 30 analogous words or synonyms for bokutgjeving

Article Example
Tiger Garté 28. juli 2012 starta Tiger Garté opp Bokryggpoesi-sida på Facebook i samarbeid med Roger Pihl. Prosjektet resulterte i ei bokutgjeving jula 2012.
Library of Congress Control Number Library of Congress Control Number (LCCN) er ein identifikator, nøkkel, for oppføring av bøker og liknande i nasjonalbibliografien for USA (Dei amerikanske Sambandsstatane). Denne nøkkelen er ein talkombinasjon som eintydig identifiserer kvar einskild bokutgjeving i samsvar med fastsette reglar, og blir tildelt av Library of Congress, som i praksis fungerer som USAs nasjonalbibliotek.
Noregs Mållag Før skipinga av Noregs Mållag fylte andre organisasjonar og institusjonar rolla som hovudorgan for den nynorske målreisinga. Det Norske Samlaget (skipa 1868) hadde som føremål å fremja bokutgjeving på nynorsk og dialekt og fungerte dessutan frå 1870-åra som politisk hovudorganisasjon for målreisinga. Ei særleg viktig rolle fekk Samlaget som kontaktorgan mellom staten og målrørsla, og løyvingane til nynorske føremål frå 1881 (til publisering og nynorskkurs for lærarar) vart kanaliserte gjennom Samlaget.
Det Norske Samlaget Det Norske Samlaget er no delt i to organisasjonar, litteraturselskapet og forlaget. «Litteraturselskapet Det Norske Samlaget» er ein kulturpolitisk interesseorganisajon som skal leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgjeving, og har også ansvaret for fleire legat og prisutdelingar som til dømes Melsom-prisen og "Emma og Elias Blix' legat". «Forlaget Det Norske Samlaget» er frå 1978 skilt ut som sjølveigande forretningsdrivande stifting. Forlaget gjev ut tidskriftet Syn og Segn, bokverk, historiske, biografiske og skjønnlitterære verk, barne- og ungdomsbøker, ordbøker, vitenskaplege og populærvitskaplege bøker på nynorsk. Forlaget gjev ut om lag 200 titlar i året, både på papir og digitalt. Edmund Austigard er forlagsdirektør og Håkon Kolmannskog er forlagssjef.
Ola Raknes I mai 1908 vart studenten Ola Raknes styrar og altmoglegmann for Norskt Maalkontor, og i jobben som han hadde fram til oktober 1910 tok han seg av sal av bøker og det administrative arbeidet for Det Norske Samlaget. Han vart ei drivande kraft bak så vel bokutgjevingar som -sal og fekk orden på rekneskapane som ikkje hadde vorte ført på tre år. Som laget sine første skrivar var han dimed med på å byggje opp Samlaget sin første eigentlege administrasjon i den perioden da nynorsk bokutgjeving så smått var byrja stå på eigne bein (Skard, 1975). Ola Raknes gjekk med i Studentmållaget i Oslo, som var skipa i 1900, og fekk der ei sentral rolle, mellom anna vart han vald til formann i 1913, men måtte seie frå seg vervet. Seinare var han der ein flittig nytta føredragshaldar både på 1920- og 1930-talet. Allereie som student gav Ola Raknes ut "Fransk-norsk ordliste". Etter at han kom heim frå London tok han fatt på arbeidet med "Engelsk-norsk ordbok" som vart utarbeidd mellom 1922 og 1927. Denne og "Fransk-norsk ordbok" som vart skriven mellom 1939 og 1942 vart båe skrivne for Samlaget si skuleboknemnd, der Raknes sat i styret frå 1915 til 1917.