Top 10 similar words or synonyms for alisa

николаевич    0.708351

akira    0.701127

андрей    0.694608

дмитриевич    0.693666

александрович    0.688722

magdi    0.688435

алексеевич    0.688286

gambisk    0.682139

нов    0.680597

александр    0.676443

Top 30 analogous words or synonyms for alisa

Article Example
Musikkgruppa Alisa Alisa (russisk Алиса) er eit russisk hardrockband, rekna som eit av dei viktigaste banda innan russisk rock.
Musikkgruppa Alisa Alisa vart danna i november 1983 av bassisten Svjatoslav Zadery. Namnet på bandet kom frå kallenamnet til Zadery. Besetninga i bandet var komplett i 1984 då den nye vokalisten Kostja Kintsjov (verkeleg namn Konstantin Panfilov) og gitarist Petr Samojlov vart med i bandet. Debutalbumet "Energia" vart gjeve ut på det statlege plateselskapet Melodija og selde meir enn ein million eksemplar.
Musikkgruppa Alisa I det nye tiåret vart stilen til Alisa stadig tyngre med album som "Sejtsjas Pozdneje Tsjem Ty Dumajesj" (Det er seinare enn du trur, 2003) og "Izgoj" (Eksil, 2005), med mellom anna element av nu, industrial og heavy metal. Musikkjournalistar omtalte Clawfinger som den største inspirasjonskjelda til Kintsjov. Dette gav Alisa ein ny fanskare i Russland, og tre songar frå "Izgoj" nådde toppen av NASJE radio-lista. Oppfølgjaren "Stat Severa" og "Puls Hranitelia Dverej Labyrintha" var mindre alternative og blanda eldre og nyare stilar. Alisa laga ein song for fantasifilmen Volkodav iz roda Serykh Psov, men songen kom ikkje med på musikkalbumet som følgde.
Musikkgruppa Alisa Bandet vart stadig meir populært og det vart skapt ein fanskare som kalla seg Alisa-armeen, kjend for den dårlege oppførselen sin på konsertar. Dette førte til fiendskap mellom bandet og sovjetiske styresmakter. I 1987 skulda avisa "Smena" leiaren i Alisa, Kintsjov, for nazi-propaganda og tilbeding av Hitler. Kintsjov saksøkte for baktaling og sverting av han sjølv. Etter ein eitt år lang rettsprosess måtte publisere ei reinvasking. Det neste albumet til Alisa vart kalla "Statja 206 tsjast 2", eit kapittel («hærverk») i den sovjetiske prosseslova, som synte til denne prosessen.
Musikkgruppa Alisa Det vart mange endringar i 1988, då gitarist Igor «Tsjuma» Tsjumytsjkin kom med i bandet. Denne endringar vart etterfølgd av ein tyngre stil på dei neste to albuma, "Sjabasj" (Heksesabbat) og "Dlja Tekh, Kto Svalilsia s Luny" (Dei som fall frå månen). Alisa turnerte i Europa og Israel i lag med eit anna russisk heavy metal-band, Aria. Albumet "Tsjornaja Metka" (Svart merke) kom ut i 1994, tileigna minnet til Tsjuma, som tok sjølvmord ved å hoppe ut av eit vindauge.
Musikkgruppa Alisa Sjabasj vart delvis spelt inn live og kan òg reknast som eit konsertalbum.
Musikkgruppa Alisa Forholdet mellom dei to leiarane i bandet, Konstantin og Zadery, vart dårlegare og til slutt slutta Svjatoslav i bandet. Dette skjedde berre ein time før Alisa skulle halde konsert. Alisa måtte be Kino bassist Igor Tihomirov om å steppe inn for han på konserten. Seinare skapte Zadery bandet Nateh!. Zadery døydde 6. mai 2011 etter eit slag, 50 år gammal.
Musikkgruppa Alisa Alisa er framleis særs populære i Russland og russisktalande land, og rangert blant dei ti mest populære banda innan russisk rock, og vart rangert øvst i lesarundersøkinga til Komsomolskaja Pravda.
Musikkgruppa Alisa Kintsjov vart døypt i 1990, og sidan då har kristendomen vore ei viktig inspirasjonskjelde for tekstane hans. Sjølv om tidlege Alisa-tekstar var typiske for russisk rock - med sanfunnsprotestar - har tekstane sidan slutten av 1990-åra hovudsakleg vore baserte på idear frå kristendom, russisk patriotisme og ikkje-politisk kvit nasjonalisme.
Musikkgruppa Alisa Konstantin har eit godt forhold til prestar i den russisk-ortodokse kyrkja, særskild Andrej Kuraejv. Bandet har delteke på mange festivalar til støtte for religion.