Top 10 similar words or synonyms for actitis

hypoleucos    0.920635

remiz    0.916093

elanoides    0.901249

dvergfalk    0.900790

albicilla    0.899028

tsuga    0.898873

torquilla    0.898706

nemichthys    0.897363

furnariidae    0.896015

anthoscopus    0.894878

Top 30 analogous words or synonyms for actitis

Article Example
Actitis Kroppslengda på desse små vadarane ligg mellom 18 og 22 centimeter, med flekksnipa som den minste av desse to. Vekta varierer mellom ca. 20 og 90 gram. Begge er trekkjande vadarar, gråbrune på oversida og kvit under, med ein særeigen flukt på stive venger lågt over vatnet. Fjørdraktene er svært like, bortsett frå flekksnipene sin karakteristiske hekkefjærdrakt med kraftige mørke flekker på undersida. Begge artane har korte gule eller gulaktige bein og eit middels langt nebb. Nebbet er rett og berre litt lengre enn hovudet. Dette er særs lite sosiale fuglar og blir sjeldan sett i store flokkar.
Actitis Strandsnipa hekkar frå Storbritannia tvers over Europa og Asia til Japan. Mange av desse trekker sørover for overvintring, men somme individ vil halde seg i område med kystklima i Vest-Europa gjennom vinteren. Dei mest vidstrekte overvintringsområda for strandsniper er kystane av Afrika og Afrika sør for Sahara. Vidare langs kystar av Den arabiske halvøya, Sør-Asia og Søraust-Asia, gjennom Indonesia, Ny-Guinea til Australia, i nokre år òg på øyar i det vestlege Stillehavet. Flekksnipene hekkar frå Alaska til den sørlege kysten av Hudsonbukta og derfrå til kysten av Labrador-halvøya. Overvintringsområdet til flekksnipene ligg i det sørlegaste USA inkludert Florida, gjennom Mellom-Amerika og Karibia til Sør-Amerika. Sørgrensa går gjennom nordlege Argentina, og i Chile til meir enn 42 ° sør.
Actitis Slektsnamnet "Actitis" er frå gamalgresk "aktites", 'kystbuar'. "Akte" tyder 'kyst'.
Actitis Actitis er ei biologisk slekt i snipefamilien Scolopacidae. To svært like fugleartar er plassert i denne slekta. Strandsnipe, "Actitis hypoleucos" har hekkeutbreiing i Eurasia og overvintring i Afrika sør for Sahara, den orientalske regionen og i den australske regionen. Den andre arten, flekksnipe, "Actitis macularia", har utbreiing avgrensa til Amerika.
Actitis "Actitis"-snipene hekkar på bakken, og hekkehabitatet er nær ferskvatn. Dei finn føda på bakken eller i vatn, og plukkar opp bytet ved hjelp av synet. Dei kan òg fange insekt i flukt. Dei et insekt, krepsdyr og andre virvellause dyr. Hekkebiologien er ikkje samsvarande mellom artane, hos strandsniper deltar begge foreldre i ruging, hos flekksniper berre viss dei er eit monogamt parsamband. Flekksnipene er delvis polyandriske, og i så fall forlèt hoene reiret etter egglegging og overlèt ansvaret til hannen.